Мир песен

Odd Nordstoga — Det Som Varer

Eg er ein som leitar og stundom ein som finn
Men før å ta det fram att må eg tøyme tanken min
Kva heiter det som varer
Kva heiter vel det som varer
Du kan vera tvilar, ell’ kanskje ein som veit
Men når du trur du har det, legg du atter ut på leit
Kva heiter det som varer
Kva heiter vel det som varer
Eg er ein som drøymde og draumen den vart sann
Eg grov så djupt i minnet mitt og fann eit framand land
Kva heiter det som varer,
Kva heiter vel det som gror
Kven er han eg fylgjer i mine eigne spor
Kva heiter det som varer, kva heiter det som gror
Kva heiter det som varer
Og går eg i det landet, mangt rart og vakkert der
Så undrast eg og veit eg det har alltid vore her
Kva heiter det som varer
Kva heiter vel det som gror
Kven er han eg fylgjer i mine eigne spor
Kva heiter det som varer, kva heiter det som gror
Kva heiter det som varer

Комментарии

Прокомментировать